10 måtar å unngå seksuell trakassering i organisasjonen
Mar 21, 2025
1: Ikkje være naiv
Heilt sidan kong David frå Bibelen valdtok Batseba og drap mannen hennar Uria for å dekkje over synda, har me hatt kunnskap om at menneske er sårbare for å utnytte eiga makt. Menn og kvinner valdtek og trakasserer. Metoo er ikkje ein bevegelse som me blei ferdige med i 2019. Førebygging av seksuell vald, krenkelsar og trakassering er ein kontinuerleg prosess.
2: Gjer jevnlige undersøkelsar
Som konsekvens av nummer 1, må du gjere jevnlege undersøkelsar. Mange organisasjonar gjer ikkje det. Eg veit ikkje om det er fordi dei lever i ein illusjon om at det ikkje finst trakassering eller er redd for skjeletta som skal komme ramlande ut av skapa.
Uansett er det uansett naivt og uansvarleg.
Å kartlegge mengden seksuell trakassering treng ikkje være mykje arbeid.
Å gjere det som del av medarbeidarundersøkinga er ofte godt nok.
3: Plasser ansvar hjå den som trør over grenser
Når ein mann ved ei seinare anledning skulle bruke historia om David og Batseba til å forklare at makt korrumperer, kalla han fenomenet Batseba-syndromet.
Ikkje David-syndromet.
Dette er dessverre symptomatisk for saker om seksuell vald og trakassering. Berre sjå på Metoo-saker. Kor ofte blir offera skulda for det skjedde? Kor mykje hets må dei tole? Det satt langt inne for dei som blei utsett for Giske å stå fram med historiene sine. Om det er vanskeleg å tru, les boka boka Varslerne.
Offer for seksuell trakassering får dessverre alt for ofte skulda for det som skjedde.
4: Vær merksam på traumeskamma til offera
Etter traumatiske hendingar, som seksuell trakassering er, er det vanleg å føle overdriven skuld, skam eller negative kjensler om seg sjølv. Offer for seksuell trakassering set ofte med opplevinga av at dei sjølv var skuldige i det som skjedde: «Eg skulle ikkje ha vore så hyggjeleg», «eg skulle skjønt at han var interessert i å snakke om meir enn fag», er gjengangarar.
Ofte vil også offer unngå å erkjenne at dei er offer for andre si urett. Det er lettare å legge skulda på seg sjølv enn å leve i ei verd der folk kan være kjipe mot ein.
I biografien om Liv Signe Navarsete les ein om kor skamfullt det var å bli utsett for seksuell trakassering. Ho fekk tilsendt ei melding der det stod «eg vil ha fitta di». Så grov og upassande melding på alle vis, at eg blir uvel, berre av å skrive det. I boka les ein at meldinga førte til djup skam hjå Navarsete. Kva verdi som menneske hadde ho eigentleg, når nokon kunne få seg til å seie noko slikt til henne?
Skamma over situasjonen gjorde at det tok henne lang tid å fortelje om saka.
5: Fine folk kan gjere kjipe ting
Seksuell trakassering er eit traume for heile organisasjonen. Å innsjå at arbeidsplassen ikkje berre er trygg, men at den også er ein stad der trakassering kan skje, er ei ubehageleg sanning å ta inn. Når grenseoverskridande åtferd skjer i organisasjonar forsøker difor ofte fellesskapet å dysse ned saka. Det er lettare å le av den klønete framferda til økonomisjefen, heller enn å sjå kommentarane som seksuell trakassering, som må tas tak i.
Dersom ein ser sex mellom leiar og læring som fyllatull, har ein berre problemer med for mykje alkohol – ikkje i tillegg problem med leiar som misbruker makta si.
6: Leiinga må bestemme konsekvenser
I trakasseringssaker oppstår det gjerne eit kollektivt gisp blant dei som får med seg saka. Alle held pusten og venter i spenning på korleis den krenka responderer. Å handsame saker på denne måten, er å legge upassande ansvar på offeret. Saker skal takast tak i uavhengig av kor skakande offeret opplevde situasjonen. Alt anna er å fortelje organisasjonen at det er greitt å krenke andre – ei blankofullmakt til å være drittsekk og gris.
7: Gje slepp på stjernespelaren
Å måtte handsame ein situasjon der stjernespeleran også har ei side med trakasserande åtferd, er krevjande. For ja – det er som regel dei med mykje makt og som er flinke i jobben sin, som får trakassere i fred. Har dei lite makt blir dei tuppa ut. Leiinga snur ofte ryggen til når dei får nyss i trakasseringssaker og vil ha så lite med dei å gjere som dei kan. Når ein veit, er ein pliktig til å følgje opp. Når ein ikkje veit, har ein ryggen fri.
I forskinga mi på ytringsklima peikar eg på at organisasjonar i jaget etter profitt og resultat i nokon situasjonar blir grådige. I saker om seksuell trakassering ser ein grådigskapen spele seg ut ved at den krenka forsvinn ut av organisasjonen, medan den som krenka blir værande.
Frå eit økonomisk perspektiv der korttidsprofitt er målet, er slike vurderingar gangbare. Tek ein inn heile moralfilosofien og regelverk knytt til etterlevelse av arbeidsmiljøloven og lovverk knytt til sosial berekraft, blir ein slik praksis både forkasteleg og i nokon situasjonar også ulovleg.
8: Flørt, trakassering eller maktspel? Forstå forskjellen!
Når det blir snakk om seksuell trakassering på arbeidplassen er det ofte mange som tyr til «ååååh, er det ikkje lov å flørte heller no!, slutt å være så pripne».
Vel.
Flørt og trakassering er to ulike ting.
I den grad seksuell trakassering kan inngå i kategori «flørt» må det være at det er ubevisst grenseoverskridande adferd. Det skjer typisk når folk trur nokon vil ligge med dei fordi dei er pene og spanande menneske, men eigentleg ikkje tør seie nei, redde for kva konsekvensar det vil få for dei.
Dette er grunnen til at ein ikkje skal flørte i eigne rekker når ein har maktposisjon i ein organisasjon. Kjipt men sant; ein veit eigentleg aldri om den andre parten liker deg for makta du har eller for den du er.
Seksuell trakassering er ikkje flørt.
Det handlar om makt og dominans.
Setje den andre ut ved å flørte.
Setje den andre ut ved å være vulgær.
Setje den andre ut ved å vise for mykje kløft i møte.
Setje den andre ut ved å seksualisere ein formell situasjon.
9. Sjå opp for pick me-girls
Pick me girls: kvinner som søker mannleg godkjenning ved å snakke ned eige kjønn.
Typiske pick me-ting å gjere i møte med seksualisert kultur er:
- Le bort kollegaers tafsing
- Være den som drar i gang grisesnakk
- La være å sparke dei som trakasserer
- Legge lokk på trakassering med begrunnelsen «hen har aldri gjort meg noe»
- Stemple varslerar som lettkrenka
10. Hugs at kvinner også trakasserer i stor stil
Spelerommet for kvinner til å være gris er framleis større enn rommet er for menn. Nokon av dei grovaste tilfella eg har sett av seksuell trakassering har vore utført av kvinner.
Tvangsklemming? Maktspel.
Kommentarar om lærlingane sin sixpack? Maktspel.
Ta ein slurk av drinken til sjenert IT-fyr? Maktspel.
Seksuell trakassering er først og fremst ein dritkjip hersketeknikk brukt for å dominere den andre part.
Utført både av kvinner og menn.
Takk for meg!
Vil du blir varsla om nye blogginnlegg? Meld deg på nyheitsbrevet!