40 år!
Feb 18, 2025Eg blei 40 september 20204. Eg hadde stor fest og tale for gjestene. I ettertid av bursdagen opna eg eit dokument og skreiv "Eg blei 40 i helga.", klippa inn talen og så skulle eg nok poste utsnitt frå talen.
Eg hugsar ikkje kvifor eg ikkje kom meg vidare med skriving.
Men slik er det ofte for meg. Eg opnar eit dokument. Skriv litt. Gløymer teksten.
Eg håpar for gjestenes skuld at eg korta den ned noko då eg framførte den.
Det gidd eg ikkje no.
De får heile driten!
_______________________________________
Gode vener!
For tida held eg på å byggje opp mi eiga bedrift.
I formelle settingar presenterer eg meg som organisasjonspedagog.
Men om eg skal være ærleg identifiserer eg meg meir som kulelagerprofet.
Lat meg forklare!
Kulelager er ein referanse til kulelagermodellen, som eg laga som del av masteroppgåva mi og som eg etterpå publiserte fagartikkel om.
Når noko skal drivast av ein motor, nyttast ein stålsylinder som kraftoverføring. For å redusere friksjonen som oppstår i kraftoverføringa, nyttast eit kulelager, og utan dette vil stålsylinderen bli riven i fillebitar av den massive friksjonen frå motoren. På same måten som stålsylinderen mellom motor og det som drivast, treng beskyttelse, treng også dialogen å vernast når energinivået i samtalen aukar.
Kulelagermodellen viser at ved å reflektere over kjensler, forståingshorisont, makt, urørlegheitssona, intensjon, dynamikkar, etisk refleksjon, kritiske kvalitetsaugeblikk og å være produktiv, vil truleg dialogen tole meir trykk før den bryt saman.
Kulelagermodellen byggjer også forståelsen av leiing som leiing som å jobbe saman for å gjere verda til ein betre stad.
Og denne siste er veldig viktig.
Diverre er det mange som ikkje ser leiing på denne måten.
Leiing blir fort redusert til å handle om sjefar som skal få tilsette til å gjere det sjefen vil.
I slike organisasjonar blir menneska i organisasjonen utan formell leiartittel, ein menneskeleg ressurs som skal produsere. Brikker som skal styrast. Menneskekjøtt, musklar, hjerne og biokjemiske prosessar som skal være skapande innanfor rammene leiinga har sett.
(Denne siste setninga her blei seinare med i dette essayet som plei publisert i eit tidsskrift no i vinter).
Konsekvensen av denne forståinga av leiing er at folk rømmer frå jobbar me sårt treng:
For eksempel stikk helsepersonell og lærarar frå jobbane sine, fordi dei ikkje gidd eller orkar.
Så veit eg nokon vil seie at det er fordi nordmenn har blitt late og at det er grunnen til at dei stikk.
Det er ein annan diskusjon og eg kan ikkje ta heile den.
Men mi haldning er tja.
Late?
Heller meir kresne.
Meir opptekne av kva som er bra for dei.
Samma kva grunnen er; eg trur flukta frå «jobbane på golvet» handlar om at jobbar som luktar slavedrift freistar ikkje.
Dette er det eine problemet med den rådande forståinga av leiing. At me ikkje får folk til å gjere samfunnskritiske jobbar.
Nummer to: me klarer ikkje ta tak i problema våre på ein god måte.
Klimakrisa:
Me veit det er bra å ete kortreist mat. Likevel måtte opp mot 70 tonn plommer kastas, fordi butikken var full av spanske og nederlandske plommer.
Helse:
Helse Vest flytta inn i byens flottaste kontorlokaler medan legar har kontor i brakkebygg og sjuke er stabla i høygda på gongen.
Ja. Eg må ta med eitt eksempel til.
Grunnrente på fiskeoppdrett.
Eller – orkar eg å gå inn på det?
Det som skulle føre til større inntekter til Noreg har resultert i at grøne prosjekt har blitt utsette eller stoppa og oppdrettselskapa bruker all si vakne tid på å sno seg unna skatt.
Ikkje særleg vellukka.
Uansett. No skal eg finne tilbake den raude tråden.
Sakene me les om i avisa og konfliktene me ser på eigen arbeidsplass koker ned til dårlig dialog og dårlig etisk refleksjon.
Og det er her kulelagerprofeten kjem inn.
Mitt våpen er godt ytringsklima.
Ytringsklima består av psykologisk tryggleik – at alle tør å seie meininga si, innrømme feil, komme med idear og ytringseffekt: det eg seier blir teke imot, fulgt opp.
Det er lettare sagt enn gjort å jobbe med ytringsklimaet i organisasjonar og modellen min er eit rammeverk for å jobbe med akkurat dette.
I alle desse sakene eg har ramsa opp, er eg hundre prosent sikkert på at nokon har prøvd å gje beskjed og nokon har sete for stille i båten.
Ein vanleg dynamikk på umoral og dårlege val går nemleg slik:
Nokon i organisasjonen luktar at noko er gale.
Men dei har ikkje nok informasjon, så kritikken blir ikkje presis nok eller kjem til feil tidspunkt eller i upassande format.
Kritikaren blir dermed overkjørt.
Og viss kritikaren verkeleg byr opp til dans, blir hen slått hard ned.
Dei med full innsikt set stille og held kjeft.
Dei held kjeft fordi dei får fiendar om dei seier noko, dei er resignert (har prøvd før utan hell, no vil dei berre ha jobben sin med minst mogleg støy rundt seg og dra til feriehuset i Italia i langhelga) eller har vore der så lenge at dei ser ikkje at det dei er med på er gale.
Mitt prosjekt handlar om to ting:
1) Å gje dei som luktar umoral, språk og verktøy for å løyse opp i umoralen.
2) Å vekkje opp dei som set litt for stille i båten.
Status på prosjekt kulelagerprofet er no:
(Som ein sidekommentar frå notida kan eg rapportere om at eksmannen min på dette tidspunktet var var sikker på at eg skulle lansere min eigen avgang frå jobben som kvalitetsleiar i oppdrettsnæringa. Eg var ikkje i nærheten av å seie opp jobben min på dette tidspunktet, men tre veker seinare sa eg opp. Det er løje med det. Folk ein har levd lenge saman med kjenner oss ofte betre enn me kjenner oss sjølv. Men tilbake til talen!)
Jobben som kvalitetseiar i oppdrettsnæringa er framleis jobben som betaler huslånet mitt.
Eg bygger kulelageremperiet på sida.
Om imperiet blir gjennom å forske meir på ytringsklima, jobbe fulltid med ytringsklima i ein organisasjon, utvikle digitale analyseverktøy for å jobbe med ytringsklima i organisasjonar, kjem an på kva dører som opner seg.
Neste steg er to ting:
Utvikle eit digitalt kurs om ytringsklima og utvikle kåseri/foredrag om ytringsklima.
(Det blei digitalt kurs og foredrag. Begge deler er dritbra og eg er open for kurs og konsulenttenester, berre send brevdue eller e-post ([email protected]) så kokar me noko skikkeleg bra saman!)
Og de skal få ein liten smakebit av dette no.
(Foredraget er strammare og betre enn smakebiten gjestene fekk i festen. Men no er eg nyfiken sjølv på korleis det såg ut anno september 2024!).
Eg oppdaga for ei tid tilbake at songen «The sound of silence» er den perfekte songen om ytringsklima.
Det er Paul Simon som har skrive teksten og Art Garfunkel har sagt følgande om songen:
Dette er ein song om menneskers manglende evne til å kommunisere med kvarandre.
Songen handlar ikkje om den gode stilla.
Det er den ubehagelege stilla som er tema for denne songen.
Stilla ein kan ta og føle på.
Trykkjande stille.
Den der du er sikker på at dei andre kan høyre hjarte ditt banke.
Stilla som gjev deg ei ubehageleg kjensle av låst kjeve.
Stilla du kan merke i ein organisasjon som trykka stemning.
Den du ser i blikka til folk.
Den du kan sjå på måten folk samlar seg i lukka grupper.
Songen handlar om ein mann som har ein draum der han går gatelangs og blir råka av eit kraftig lys frå eit skilt.
Eg og bror Kåre har oversatt songen til nynorsk. Og i dette arbeidet forstod eg at songen tek oss tilbake til Daniels bok kapittel 5, og til gjestebodet til Kong Belsasar.
I dette gjestebodet prisa stormenennene gudane sine medan dei drakk frå kar som var bortførte frå templet i Jerusalem.
Og brått, i lause lufta synte det seg då ei hand som skreiv på veggen: mene, mene, tekel, ufarsin.
Korkje Belsasar eller vismennene hans kunne ikkje tyde dette. Dei laut tilkalla Daniel, ein av dei bortførde judearane.
Han tydde skrifta slik:
Mene: Talt har Gud dagane åt kongedømet ditt og gjort ende på det.
Tekel: Vegen er du på vekta og funnen for lett.
Peres (jf. ufarsin): Delt er riket ditt og gjeve til medarane og persarane.
Belsasar vart drepen den natta.
Eg har ikkje komme heilt i hamn med korleis dette foredraget mitt skal være.
(Det er ferdig no og er meget meget bra!)
Men eg trur mitt mene, mene, tekel, ufarsin er retta mot det rådande forståinga av leiing.
Forståinga av leiing som at leiing er å få tilsette til å gjere det leiinga har bestemt.
Me må bort frå denne forståinga.
Me må opne opp:
Leiing er å jobbe saman for å gjere verda til ein betre stad.
For å få til dette må me blant anna jobbe med ytringsklimaet vårt.
For når ytringsklimaet er godt toler dialogen mykje meir før den bryt saman.
Me unngår varslingssaker.
Unngår den ubehagelege stilla.
Ette dette gjekk eg på dramatisk vis opp på talarstolen i Bethel bedehus og song songen som no heiter Eit sus av stille.
_______________________________________
Vel.
Slik går det når kulelagerprofeten fyller året.
Vil du få varsel når det kjem nye tekstar frå prosjekt "skriv ferdig uferdige tekstar"?
Det ligg ein del gull og ventar i arkivet. For eksempel desse:
"Dorrit er bare innstilt på et sectio"
"Dei undertryktes teater"
"Femti nyansar av føkka".
Sistnemnte har påbegynt bingo-brett: "Kvinne 65 som synast det er så eksotisk med desse innvandrarane".
Kan bli show!
Meld deg på nyheitsbrevet her, så får du varsel!