Del 2 i soga om kvinne (44): er ho fanga i farleg flørt på jobb?

Oct 25, 2025

Mi umiddelbare kjensle då eg las hjartesukket frå innsendar var SNOOOORK!

Eg får slapt skjelett når ulike aldersgrupper blir kategorisert til å ha visste trekk og adferdsmønster, berre fordi dei høyrer til ei spesifikk gruppe.  

Eg blir også oppgjeven av klaging på at gamle folk er sidrumpa og kjedelige å jobbe med og at unge er late.  

Som Roger Bjørnstad skreiv i DN i 2014:  

Ungdommen nå elsker luksus, har dårlig oppførsel, forakter autoriteter, viser mangel på respekt for eldre og elsker å skravle i stedet for å arbeide.» Dette skrev Sokrates for mer enn 2400 år siden. 

Holdninger om at unge er late og har dårligere moral enn før er som kjent like gamle som menneskeheten. Sitatet fra Sokrates minner oss om at slike holdninger egentlig endres lite mellom generasjoner. Det er med andre ord våre holdninger som endrer seg etterhvert som vi selv blir eldre. 

Det er blindspor å redusere folk på jobb til store kategoriar.  

Ein 66-åring som har jobba i kommunen heile livet kan være like lat som ein 25-åring.  

Einaste forskjellen er at 66-åringen har lært å skjule latskapen sin.  

Og motsatt: 66-åring i kommunen kan også være like nyskapande som 25-åring. 25-åringen er berre flinkare til å pakke inn bodskapet på ein måte som ser nyskapande ut.  

Men la oss skrelle bort ord som Boomers og Gen Z og sjå kva kjerna i problemet til innsendar er:  

Situasjon: Kvinne (44) er sliten/lei av å vere emosjonell støttespelar for yngre kollegaer som reagerer sterkt på kritikk, men samstundes stiller urimelege krav til andre utan sjølvinnsikt. 

 

Dette er vel klassisk senior/junior-tematikk – er det ikkje?  

Eg har ikkje bestemt meg for kva morgondagens tema er ennå, men det er mykje mogleg me må rett til BDSM-land.  

Eg lurer nemleg på om kvinne 44 kan være fanga i farleg flørt på jobben.  

 

Beste helsing,  

Dorrit 

Vil du ha meir? Meld deg på nyheitsbrevet!