Del 3 i soga om kvinne (44): kvinne (44) er servicetop

Oct 25, 2025

 

Eg begynner å angre litt på heile prosjektet "be følgerar å sende inn problem".

Grunn?

Eg føler eg er i ferd med å gjere noko slemt.

Eg åtvara innsendarane på førehand at eg ikkje ville ta i situasjonen med silkehanskar.

No er eg i ferd med å gjere noko eg misliker folk gjer mot meg:

Å f¨å problemet mitt spelt tilbake på meg sjølv. 

Kvinne 44: eg er i ferd med å gje deg hard kjærleik.

 

Ålrait.

 

Sitasjonen er:
Kvinne (44) er sliten/lei av å vere emosjonell støttespelar for yngre kollegaer som reagerer sterkt på kritikk, men samstundes stiller urimelege krav til andre utan sjølvinnsikt.

Eg trur innsendar (44) er fanga i den fargelege flørten «blitt ein servicetop på jobb".

 

Før eg forteller kva det er: la oss ta ei kjapp innføring i BDSM og kva i alle dagar det har med arbeidslivet å gjere!

 

BDSM er eit samtykkande, avtalt og ofte erotisk samspel som involverer elementer av binding, disiplin, dominans og underkastelse.

Eit viktig aspekt i dette miljøet er å avtale på forhånd kva leik ein vil leike.

Vil du bli tatt litt hardt? Heilt topp!

Vil du være den som tek nokon hardt? Heilt topp!

Her blir du verken sett ned på om du vil spele den dominante rolla eller være den submissive som adlyd.

Flørten blir først farleg dersom nokon ikkje stopper når nokon seier stopp. 

Slik er det ikkje i arbeidslivet.

Der sjåast ein mange stadar ned på når ein rekker opp handa og seier ein vil være sjef.

Krydra med at leiiarroller ofte blir Uriaspostar og rollene krev tjukk hud, gjer at folk som burde vekse i leiarroller heller ender opp som sure og bitre ansatte.

For å bli i BDSM-universet: arbeidsplassar får ein gjeng som seier dei vil bli dominert når dei eigentleg vil være sjef for leiken.

I tillegg blir dei sure når dei blir piska, sjølv om dei har bede om det.

 

Tilbake til Kvinne (44).

 

Eg trur ho har innteke rolla som service top.

Det er ei velkjent rolle for meg; eg har teke den på meg opp til fleire gonger på jobb. 

Å være ein service top handlar om å tene ein annan, utan å få noko igjen for det sjølv.

Når ein er så emosjonelt tilgjengelig for kollegaer at det blir utmattande, har det gått for langt.

Kvinne (44) har teke på seg rolla som leiaren til dei yngre kollegaene, utan å få betalt for det.

Måten dette skjer på er ved å la yngre kollegaer top her from the bottom.

Truleg held også kvinne (44) på topping from the bottom av leiinga der ho jobber.

I morgon skal eg fortelje deg kva det betyr!

 

Stay tuned!

 

Beste helsing,

Dorrit

 

Vil du ha meir? Meld deg på nyheitsbrevet!