Del 4 i soga om kvinne (44): fire måtar å top from the bottom
Oct 25, 2025Tradisjonelt har uttrykket «Topping from the Bottom» (TFTB) i BDSM-miljøet blitt brukt negativt for å beskrive situasjonar der den submissive parten oppfører seg på ein kommanderande eller krevjande måte overfor den dominerande parten, i strid med rollene som vart avtalt på førehand.
Dette skaper åpenbart kaos i maktbalansen: heile greia går ut på leik med makt og tydeleg rollefordeling.
Etter kvar har det utvikla seg meir nyanserte måtar å forhalde seg til TFTB på.
For i nokon situasjonar kan det både være nyttig og morosamt å leike med grensene.
Lat oss køyre FIRE ULIKE MÅTAR Å TOP FROM THE BOTTOM PÅ!
1) Heilt upassande: Når den submissive krev eller kommanderer på ein frekk og upassanse måte.
2) Lett upassande: Den submissive har ikkje intensjon om å bytte maktposisjon. TFTB kan skje ved uhell eller for humor.
3) Fullt samtykka og konstruktiv: Den dominerande medvite tek instruksjon frå den submissice, til dømes når ein uerfaren dominant er saman med ein erfaren submissiv.
4) Fullt samtykkande og konfronterande: TFTB er del av ein spesifikk kink kalla Resistance Play, der motstand og rolleutfordring er sjølve poenget. Då speler den submissive rolla som Brat.
Dei ulike katagoriane underheld meg.
For dette er greia i arbeidslivet også.
Me har fått inn legitime måtar å toppe frå the bottom på:
Fagforeningar.
Lovpålagt involvering.
Krav og plikt til å varsle.
Ytringsklima som ønsker kritiske røyster velkommen.
Men så er det også andre gongar det er totalt upassande å seie mot sjefen.
Tilbake til kvinne (44).
Den yngre kollegaen har kome til henne for støtte og kjærleik.
Men så - vipps - han hen begynt å være ufin, ved å være urimeleg.
Her kunne eg lagt ut på ein LANG digresjon om ulike aldersforskjellar og arbeidsliv - at grunnen til at me toler lite av dei unge på jobb ofte handlar om at me sjølv har måtta finne oss i mykje piss og at når yngre kollegaer klagar på ting som er peanøtter i forhold til kva galskap ein sjølv har måtte lide seg gjennom - så blir rommet til å snakke om dette lite.
Men la oss for enkelthets skuld leggje til grunn at dette ikkje er ein slik situasjon - det er meir gen z-aren som ikkje har lært seg å navigere arbeidslivet ennå.
Det kan sjå ut til at situasjonen mellom henne og gen z-kollegaen har hamna inn i kategori 1 eller 2 - altså
heilt upassande eller lett upassande oppførsel mot ein senior.
Når yngre kollegaer et seg inn på eldre kollegaer på denne måten er den kjipe sanninga at dette handlar om at kvinne (44) manglar grenser i møte med kollegas gørr.
Neste gong skal eg fortelje om at det truleg er kvinne (44) som har skapt problemet sjølv og at ho set med makta til å gjere seg fri frå sitasjonen.
Dessverre inneber det eit stort offer dersom kvinne 44 vil bli fri fri frå gen zettarens emosjonelle kvelartak.
Me høyres!
Beste helsing,
Dorrit