Du bur i eit land der folk drep seg sjølv. Kva vil du gjere med det?

Sep 10, 2025

For 16 år sidan prøvde bror min å drepe seg sjølv. Han overlevde sjølvmordsforsøket og lever i dag eit godt liv. I dag er det verdsdagen for sjølvmordsforebygging og han har denne oppmodinga til oss alle: 

Når du les saker om sjølvmord rundt verdensdagane. Ikkje berre vert rørt og tenk at dette var sterk lesnad. Du skal verte rasande. Så rasande at du vil endre verda.

Eg treng at du brukar røysta din så sånne som meg ikkje døyr. Du treng at eg brukar mi røyst slik at sånne som deg ikkje døyr.

Er du klar for å endre verda?

(Les heile innlegget her)

 

Her kjem min tekst i høve verdsdagen for sjølvmordsforebygging: 

For fem år sidan blei eg skilt. Frå den eine dagen til den andre gjekk eg frå å leve eit behageleg økonomisk liv med to inntekter til å ha huslån aleine og snu kvar krone.

I perioden etter blei eg kvalm av å bli merksam på kor materialistisk eg er, samfunnet vårt er og kor mykje det pregar meg og oss.

Som individ har me ansvar for kva me let oss påverke av.

Men som samfunn har me også eit enormt ansvar for kva me seier er vellukka liv.

Når eg scroller gjennom Facebook ser lukka ut til å få seg ein så god jobb at ein kan kjøpe hytte.

Skåle i champagne med venninner i Køben.

Bytte ut buksene i klesskapet når det ikkje lenge er greit med skinny jeans.

Bytte bil når naboen sin er finare.

Bytte slalåmskia, for no er det matt grøn som gjeld.

Hadde eg ikkje blitt skilt og fått eit kraftig innhogg i min personlege økonomi hadde også levd det livet no.

Garantert.

Eg har skjeldan kjent på meir utanforskap i landet vårt enn under pandemien då media hylte og skreik over at no får me ikkje dra på hytta eller dra på ferie eller gå ut og ete lengre.

Eg hadde ikkje pengar til nokon av dei tinga.

Er det slik å være fattig i Noreg, tenkte eg.

Det må være frykteleg.  

 

Før eg starta eiga konsulentverksemd jobba i oppdrettsbransjen.

Her har nokon svært gode løningar.

Dei kjem blant anna til uttrykk gjennom hytteshaming.

Det er altså ikkje nok å ha hytte.

Du skal også ha hytte på rett stad. 

Samstundes som at kollegar dreiv internt hyttekappløp fekk eg som nyskilt varsel om permittering fordi regionen på den måten kunne spare nokre kroner eit par veker.

Dette er ekkel rikdom og profittjag. Eit arbeidsliv som skaper vinnarar og taparar.

No heng eg mykje blant eliten i Den norske kyrkja.

Som medlem av kyrkjerådet, kyrkjars toppleiing, er det vel rettare å seie at eg er eliten.

Heller ikkje her går me fri.

Også her har me identitetsmarkørar og billettar inn til dei rette fellesskapa og dei rette samtalane.

Forkledd i dyre pilgrimturar og festivalar med dei rette folka.

 

I 2009 prøvde bror min Oddvar Vignes å drepe seg sjølv.

Han hadde jobb. Kjærast. Familie.

Likevel kjente han seg som ein tapar.

Det er registrert 727 sjølvmord i Noreg i 2024.

Dei heng saman med rikdommen vår og kva forteljingar eg og du fortel om kva som er det gode liv.

Når me definerer suksess ut frå rett hus i rett gate, rett bil, rett jobb, rett ferie og for å ikkje gløyme – rett kropp – ikkje berre kropp som klarer springe maraton – nei, det er UTRALØP som gjeld no - då er me på ville vegar.

Og berre for å gjere galskapen komplett:

I tillegg til å prestere på absolutt alle kantar av livet skal me leve dette livet utan at det ser ut som ein anstrenger seg.

Det er pinleg av å være oppteken av fasade.

Eit liv me suksess i alle kanalar er det berre eit fåtal av oss som får til.  

Mange slit seg ut i jakta på det. 

 

Eg liker Aristoteles sitt syn på det gode liv.

Her er menneskets hensikt - på gresk telos - å oppnå lukke.  

Lukke er ikkje å tene mykje penger eller å motta heder og ære.  

 Å lukkast som menneske er:

  • Å leve saman med andre. 
  • Ha familie og gode venner. 
  • Å bruke evnene og anlegga våre. 
  • Søke kunnskap. 

 

Psykisk sjukdom er komplekst og mangefassert.  

Mange av lidingane er vanskelege å behandle.  

Når eg kaster inn behovet for meir Aristotels i verda, er det ikkje for å lansere enkle svar på komplekse problem.  

Om ein slit med psykose og vil drepe seg sjølv av den grunn hjelper det ikkje å vifte med Aristotels sitt perspektiv på lykke.  

Men greia er, Oddvar var ikkje veldig sjuk.  

Han gjekk seg berre vill i eit føkka sjølvbilete.  

Eit bilete på seg sjølv, der han følte at han ikkje fortente å være elska.   

At han gjorde familien ei teneste ved å døy.  

For å redusere delen av sjølvmordsstatistikken Oddvar hadde flaks og ikkje blei del av må me være veldig tydeleg til oss sjølv, barn, unge, vaksne og gamle at penger, heder og ære i seg sjølv truleg ikkje vil gjere oss lukkelege. Men at å leve saman med andre, å bruke evnene og anlegga våre til det beste for fellesskapet og å søke kunnskap truleg vil gje oss meir lukke og ei betre psykisk helse.

For å få til dette må me tenke gjennom kva me som samfunn definerer som suksess, kva historier me løfter fram som teikn på det og kva me sjølv meiner eit suksessfylt liv er.

Om kravet til suksess er å levere imponerande resultat på jobb, Strava, hus, venemiddagar og andre ting me held på med,  lagar me eit utriveleg samfunn for oss sjølv. 

 

Oddvar seier i innlegget sitt at han treng at me bruker røysta vår for å endre sjølvmordsstatestikken. 

Eg engasjerte meg i det på ulike måtar. 

Eg minnar deg på kva fellesskap du bidreg til å lage, ved å skrive tekstar som dette. 

Eg motverkar grådigskap og usunne arbeidsmiljø på arbeidsplassen ved å lære folk om ytringsklima (les epilogen i forskningsartikkelen min her). 

Og rettar fokus på tidvis giftige arbeidsforhold for legar.

 

No må me over til deg. 

Eg avslutter med formaninga frå Oddvar: 

 

Når du les saker om sjølvmord rundt verdensdagane. Ikkje berre vert rørt og tenk at dette var sterk lesnad. Du skal verte rasande. Så rasande at du vil endre verda.

Eg treng at du brukar røysta din så sånne som meg ikkje døyr. Du treng at eg brukar mi røyst slik at sånne som deg ikkje døyr.

Er du klar for å endre verda?

Vil du ha meir? Meld deg på nyheitsbrevet!