Skamlaus raudvasking – gjer dette i staden

etikk metoo seksuell trakassering Mar 21, 2025

Raudvasking: Når organisasjonar feirar kvinnedagen på Linkedin og har varslingssaker i skuffen.

Pris til den mest skamlause
I år såg eg ei bedrift som feira kvinnedagen og snakka varmt om  kvinner og mangfald. Samstundes veit eg at bedrifta har fått fleire varslingssaker om seksuell trakassering. Kvinnene er ute. Mennene er igjen.

Vil du unngå å være like skamlaus raudvaskar? 

Følg desse 8 råda: 


1: Ikkje være naiv

Heilt sidan kong David frå Bibelen valdtok Batseba og drap mannen hennar Uria for å dekkje over synda, har me hatt kunnskap om at me menneske er sårbare for å utnytte eiga makt. Sikkert lengre enn dette sidan også. Menn og kvinner valdtek og trakasserer. Metoo er ikkje ein bevegelse som me blei ferdige med i 2019. Førebygging av  seksuell vald, seksuelle krenkelsar og seksuell trakassering er ein kontinuerleg prosess. Me blir aldri ferdig med det. Dessverre

2: Gjer jevnlige undersøkelsar!
Som konsekvens av nummer 1, må du gjere jevnlege undersøkelsar. Organisasjonen frå Linkedin gjer ikkje det. Eg veit ikkje om det er fordi dei lever i ein illusjon om at det ikkje finst trakassering eller er redd for skjeletta som skal komme ramlande ut av skapa. Uansett er det uansett naivt og uansvarleg.

Å kartlegge treng ikkeje være mykje arbeid. Å gjere det som del av medarbeidarundersøkinga er meir enn godt nok.  

 3: Plasser ansvar hjå den som trør over grenser
Når ein mann ved ei seinare anledning skulle bruke historia om David og Batseba til å forklare at makt korrumperer, kalla han fenomenet Batseba-syndromet. Ikkje David-syndromet. Dette er dessverre symtomatisk for saker om seksuell vald og trakassering. Berre sjå på Metoo-saker. Kor ofte blir offera skulda for det skjedde? Kor mykje hets må dei tole? Det satt langt inne for dei som blei utsett for Giske å stå fram med historiene si. Om det er vanskeleg å tru, les boka boka varslerane.

 4: Tenk over traumeskamma til offera
Etter traumatiske hendingar, som seksuell trakassering er, er det vanleg å føle overdriven skuld, skam eller negative kjensler om seg sjølv. Offer for seksuell trakassering set ofte med opplevinga av at dei sjølv var skuldige i det som skjedde: «Eg skulle ikkje ha vore så hyggjeleg», «eg skulle skjønt at han var interessert i å snakke om meir enn fag», er gjengangarar. 

Ofte vil også offer unngå å erkjenne at dei er offer for andre si urett. Det er lettare å legge skulda på seg sjølv enn å leve i ei verd der folk kan være kjipe mot ein. 

I biografien om Liv Signe Navarsete les ein om kor skamfullt det var å bli utsett for seksuell trakassering. Ho fekk tilsendt ei melding der det stod «eg vil  ha fitta di». Så grov og upassande melding på alle vis, at eg blir uvel, berre av å skrive det. I boka les ein at meldinga førte til djup skam hjå Navarsete.  Kva verdi som menneske hadde ho eigentleg, når nokon kunne få seg til å seie noko slikt til henne? Skamma over situasjonen gjorde at det tok henne lang tid å fortelje om saka.  

5: Sjå saka som det det er
Seksuell trakassering er eit traume for heile organisasjonen. Å innsjå at arbeidsplassen ikkje berre er trygg, men at den også er ein stad der trakassering kan skje, er ei ubehageleg sanning å ta inn. Når grenseoverskridande åtferd skjer i organisasjonar forsøker difor ofte fellesskapet å dysse ned saka. Det er lettare å le av den klønete framferda til økonomisjefen, heller enn å sjå kommentarane som seksuell trakassering, som må tas tak i.

Dersom ein ser sex mellom leiar og læring som fyllatull, har ein berre problemer med for mykje alkohol – ikkje i tillegg problem med leiar som misbruker makta si.

6: Ikkje la offer bestemme konsekvenser
I trakasseringssaker oppstår det gjerne eit kollektivt gisp blant dei som får med seg saka. Alle held pusten og venter i spenning på korleis den potensielt krenka responderer. Å handsame saker på denne måten, legg ein eit alt for stort ansvar på offer.  Saker skal takast tak i uavhengig av kor skakande offeret opplevde situasjonen. Alt anna er å fortelje organisasjonen at det er greitt å krenke andre – ei blankofullmakt til å være drittsekk og gris.

7: Ikkje være uetisk og grådig
Å måtte handsame ein situasjon der stjernespeleran også har ei side med trakasserande åtferd, er krevjande.  (For ja – det er som regel dei med mykje makt, som får trakassere i fred. Har dei ikkje makt, blir dei tuppa ut). Leiinga snur ofte ryggen til når dei får nyss i trakasseringssaker og vil ha så lite med dei å gjere som dei kan. Når ein veit, er ein pliktig til å følgje opp. Når ein ikkje veit, har ein ryggen fri.

I forskinga mi på ytringsklima peikar eg på at organisasjonar i jaget etter profitt og resultat i nokon situasjonar blir grådige. I saker om seksuell trakassering ser ein grådigskapen spele seg ut ved at den krenka forsvinn ut av organisasjonen, medan den som krenka blir værande.

Frå eit økonomisk perspektiv der korttidsprofitt er målet, er slike vurderingar gangbare. Tek ein inn heile moralfilosofien og regelverk knytt til etterlevelse av arbeidsmiljøloven og lovverk knytt til sosial berekraft, blir ein slik praksis både forkasteleg og i nokon situasjonar også ulovleg.

8: Flørt, trakassering eller maktspel? Forstå forskjellen!
Når det blir snakk om seksuell trakassering på arbeidplassen er det ofte mange som tyr til «ååååh, er det ikkje lov å flørte heller no!, slutt å være så pripne».

Vel.

Flørt og trakassering er to ulike ting.

I den grad seksuell trakassering kan inngå i kategori «flørt» må det være at det er ubevisst grenseoverskridande adferd. Det skjer typisk når folk trur nokon vil ligge med dei fordi dei er pene og spanande menneske, men eigentleg ikkje tør seie nei, redde for kva konsekvensar det vil få for dei.

Dette er grunnen til at ein ikkje skal flørte i eigne rekker når ein har maktposisjon i ein organisasjon. Kjipt men sant; ein veit eigentleg aldri om den andre parten liker deg for makta du har eller for den du er.

Seksuell trakassering er ikkje flørt.

Det handlar om makt og dominans.

Setje den andre ut, ved å flørte.

Setje den andre ut, ved å være vulgær.

Setje den andre ut, ved å vise for mykje kløft i møte.

Setje den andre ut, ved å seksualisere ein formell situasjon.

 

 

Vil du blir varsla om nye blogginnlegg? Meld deg på nyheitsbrevet!

Vil du ha meir? Meld deg pƄ nyheitsbrevet!