Trøystebrev til deg som ikkje kan sluttte i jobben
Jun 15, 2025Dei har kanskje sagt til deg "ikkje forvent at jobben skal ta vare på karriera di. Slutt hvis jobben din er kjip". Slike fraser provoserer meg.
Å være brikke i system
Objektivt er det jo rett. Når alt kjem til alt drit dei fleste arbeidsgjeverarar i arbeidstakarane sine livsdraumar. Dei har gjerne fine fraser i verdidokumenta sine om at dei er opptekne av medarbeidarutvikling. At alle ansatt skal få oppleve personleg vekst. Men om ein har lyst å personleg vekse i ein annan retning enn dit arbeidsgjevar hadde tenkt eller hadde behov for begynner dei raskt å miste interessa i deg.
Er du rektigt uheldig vil dei til og med forsøke å vengeklippe deg når du forsøket å fly vidare.
Ja, du veit, seie ting som "ser du er aktiv på LinkedIn".
Underforstått: "eg ser kva du held på med, bli på din post".
Vengeklipping kan også være å hindre deg i å dra på kurs du hadde lyst å dra på, halde deg unna spanande prosjekter eller roller du har lyst på, eller heilt andre ting.
Arbeidsgjeverar er først og fremst opptekne av at du gjer oppgåver dei treng utført og dei betaler deg for å gjere det. Ein transaksjonsrelasjon.
Meiningsfylt arbeid
Optimalt bør det ikkje være slik og skal heller ikkje være slik. I den aller første paragrafen i Arbeidsmiljølova slår ho fast at formålet med lova er å sikre eit arbeidsmiljø som gjev grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon.
Nokon arbeidsplassar klarer å omfamne dette. Med hud og hår gjer dei ein innstats for at folka i organisasjonen skal få blomstre og utfalde seg. Slike arbeidsplassar er tydelege på kva dei treng av kompetanse. Dei vinglar ikkje, ved at dei treng det eine den eine dagen og noko heilt anna den andre dagen. Dei investerer også i ansatte, slik at dei kan tileigne seg kompetansen som trengs.
Desse arbeidsgjevarane veit også at dei tener på at deira ansatte får utvikle seg. Sjølv når dei veit at den tilsettes blomstring inneberer at hen forsvinn raskare til andre jobbar, enn at dei blir værane i det mindre næringsrike jordsmonnet der dei er. Likevel får dei færraste arbeidsplassane til dette. Og om dei får det til, gjeld det berre for delar av organisasjonen. Det gjeld for folka i leiarposisjonar og dei med kompetanse som er vanskeleg å skaffe seg. Eller dei som er inni varmen hjå leiinga.
Men ikkje for fotfolket.
Og i alle fall ikkje om du er polsk reinhaldar.
Å snakke frå priviligert stad
Det er drit å kjenne seg låst i ein jobb ein treng for å leve. Det er drit å ha privat drama, samlivsbrot, stram økonomi, helseutfordringar, frynsete psykisk helse - alle desse tinga som er tungt å bære og er vanskeleg å kombinere med å levere sjuke resultat eller ha kapasitet til å bytte jobb eller bransje.
Det kan kjennast som eit slag i trynet når folk møter din "eg trivast ikkje i jobben min" med "slutt hvis den er dårlig for deg". Folk som snakkar slik til deg snakkar frå ein priviligert stad. Ofte er dei ikkje ein gong klar over at det er det dei gjer.
Alle har ikkje moglegheiten til å slutte i ein jobb som slit dei ut.
Sjølv ikkje når jobben stel glansen frå livet.
Eg ville berre du skulle vite dette.
Du er ikkje aleine.
Eg trur det er ganske mange som har det som deg.
_________
Vil du bli varsla om nye blogginnlegg? Meld deg på nyheitsbrevet mitt her.