FANGA I FARLEG FLØRT?  

Den danske filosofen K.E. Løgstrup er ei sentral kjelde i rammeverket eg har laga for ytringsklima på arbeidsplassen.

Hans mest kjente sitat er at me aldri har noko med eit anna menneske å gjere utan å halde noko av den andre sitt liv i hendene våre.

Vidare seier han at makta både kan være tilstades direkte i det umiddelbare samværet med menneske, og indirekte i konsekvensen handlingane våre har.


Denne måten å forstå makt er ubehageleg på tre måtar då den:

  • Tvinger oss til å ta ansvar
  • Set ord på at nokon har meir eller mindre makt enn deg
  • Konfronterer oss meg skyggesidenevåre

 

FARLEG FLØRT

Det er ein farleg flørt å la være å tenke over eiga makt. Då er nemlig risikoen høg for at du:  

  • Let deg fange i jobbrolle som ikkje er bra for deg
  • Blir ein sur og bitter person
  • Lar være å gripe inn i situasjonar som er ditt ansvar å gripe inn i 


Dynamikken er gjeldande både på individuelt og kollektivt nivå. 

 

SKREDDARSYDD FOREDRAG

 Eg veit ikkje kva organisasjonen eller gruppa di treng å høyre akkurat no. Kanskje de er fanga i ein farleg flørt der de berre ser problemer og ikkje ser lys. Eller kanskje de er fanga i giftig positivitet?

Kanskje er de fanga i endringsflørt der tempoet er så høgt at nokon slit med å puste Eller kanskje er det motsett? At organisasjonen har stikke hovudet i sanden og tenker at det vonde går over av seg sjølv?  Eller kanskje det er noko heilt anna? 


Ta kontakt, så finn me på noko kjekt! 

 

 

PS: nokon gonger tek eg med trekkspel for å sprite opp stemninga i foredraga mine. Gje beskjed om settingen er slik at de tenker det ville vore kjekt med musikk og song i tillegg til snakking og føredraging!

Kontaktinformasjon: 404 06 024 | [email protected]

Tilbake til framsida