IRRITERT AV INDIVIDUELLE LØYSNINGAR PÅ STRUKTURELLE PROBLEM? 

Då er du på rett plass!

PISSING I BUKSA NÅR DU FRYS ER IKKJE GREIA DI. DU ER IKKJE INTERESSERT I PUSTETEKNIKK  FOR Å TAKLE GIFTIG JOBBSTRESS!

Rotårsak er lykt for din fot. Strukturelle grep lys for din sti.  

ORGANISASJONAR ER IKKJE SOM DEG. 

Medan du ser dårlige nødløysningar med eit halvt auge og gjer beskjed på ein vennleg måte, blir du  overkøyrd av HR-sjefen som har gått på Lean-kurs og veit best.

VILLE DET IKKJE VORE DEILIG Å FÅ SPRÅK FOR UBEHAGET DITT? 

Få fagleg forankring for at din skepsis er sunn, viktig og rett?

HVIS DETTE ER DEG BØR DU SJÅ WEBINARET

FRI OG BEVAR OSS FRÅ ENDRINGSLEIING! 

Det er nemleg i møte med endringar at mykje av pissinga i buksa skjer.

Lat meg forklare!

Organisasjonar har ofte autoritært og personorientert syn på leiing. Då forstår ein leiing som sjefar som får følgjarar til å gjere det sjefen bestemmer.

Dette paradigmet er utdatert og mange organisasjonar er no på god veg mot å bli meir dialogiske. 

 Men når det brenn på dass og situasjonen krev endring, går ein ofte tilbake til det gamle og trygge. Då veit  toppsjefen  best og involvering tek for lang tid.

 

DÅRLIG ENDRINGSLEIING HAR PÅFØRT DEG SKADE. 

Kanskje har du apatisk sjef som let organisasjonen brenne ned til grunnen og nektar å ta imot hjelp.

Eller du er råka av organisasjon som endringsleier folk så hardt, at du kjenner peikefingeren til økonomidirektøren i tiande ryggvirvel.

Eller kanskje du set på andre sida av bordet?

Full av skam fordi du er den vonde endringsleiingfingeren i andre sin rygg? 

Kanskje er det akkurat dårlig leiing som gjorde at du havna der du er no.

At du stakk frå noko som ikkje var bra for deg og enda opp hjå den kjekke organisasjonen du er i no? 

ER DU KLAR FOR Å 

BLI SETT FRI FRÅ KJIP ENDRINGSLEIING?

Lære leiing verda treng meir av?

Eg har forska på leiing og endring for å ta tak i strukturelle problem i organisasjonar.

Den type prosessar som ikkje drep ytringsklimaet - me treng godt ytringsklima!

Leiing som er oppteken av meir enn å berre makse økonomisk kortidsprofitt.  

Eg laga dette webinaret for å setje ord på den ubehagelege magekjensla di. 

På slutten er du sett fri frå kjip endringsleiing. Klar for å identifisere raude flag hjå organisasjonars utdaterte forståing av leiing!

Eg heiter Dorrit Vignes, er organisasjonspedagog og ekspert på ytringsklimaets rolle i leiing. Forskninga mi er publisert i MAGMA - tidsskrift for økonomi og leiing. I dette webinaret hevar me blikket saman. Etter webinaret er du litt meir merksam på ulike forståingar av leiing og korleis dei speler seg ut rundt deg. Dette er den perfekte måten å få ein smakebit på kva greiene mine går i!

Pris

2500,-

  • Bli fridd
  • Bli bevart
  • Få kraft og mot til å endre
Eg vil kjøpe!
Bli med! Det nødvendige paradigmeskiftet går mykje fortare om me dreg lasset saman!

Spørsmål: