ER DU FANGA I FARGLEG FLØRT PÅ JOBBEN?
BLI MED PÅ GRATIS WEBINAR MED IDA JACKSON!
FARLEG FLØRT PÅ JOBBEN!
Drit i dei lange blikka mot den alt for unge lærlingen. Det er farleg det også, men flørten eg snakkar om no er verre enn folk utan kontroll på blikket.
Me snakkar om hordane i arbeidslivet som er leiarar utan å vite det.
La oss gå til BDSM-universet for å forstå kvifor dette er farleg flørt.
GRATIS WEBINAR
KRANGLETE ANSATTE
BDSM er eit samtykkande, avtalt og ofte erotisk samspel som involverer elementer av binding, disiplin, dominans og underkastelse. Eit viktig aspekt i dette miljøet er å avtale på forhånd kva leik ein vil leike.
Vil du bli tatt litt hardt? Heilt topp!
Vil du være den som tek nokon hardt? Heilt topp!
Her blir du verken sett ned på om du vil spele den dominante rolla eller være den submissive som adlyd.
Flørten blir først farleg dersom nokon ikkje stopper når nokon seier stopp.
Slik er det ikkje i arbeidslivet.
Der sjåast ein ned på når ein rekker opp handa og seier ein vil være sjef. Krydra med at leiiarroller ofte blir Uriaspostar og rollene krev tjukk hud, gjer at folk som burde vekse i leiarroller heller ender opp som sure og bitre ansatte.
For å bli i BDSM-universet: arbeidsplassar får ein gjeng som seier dei vil bli dominert når dei eigentleg vil være sjef for leiken.
I tillegg blir dei sure når dei blir piska, sjølv om dei har bede om det.
FINN UT OM DU ER FANGA I FARLEG FLØRT!
Ida Jackson lagar skrivekurs for å skru opp lyden på dei rette folka. Eg lagar leiarkurs av same grunn.
Vil du være submissiv? KØYR! (Då må du slutte å klage på sjefen).
Vil du være dominant? KØYR! (Kom og legg plan for korleis du blir sjef).
Tenkte du HJELP eg veit ikkje om eg er fanga i farleg flørt?
KOM OG FINN UT!
INFORMASJON OM WEBINARET
Tid: torsdag 25. september klokka 11.30 - 13
Stad: internett
Delta live, eller sjå i opptak når det passar.
Eg heiter Dorrit Vignes, er organisasjonspedagog og ekspert på ytringsklimaets rolle i leiing. Forskninga mi er publisert i MAGMA - tidsskrift for økonomi og leiing. I desse dagar lanserer eg fjerde runde av leiarkurset mitt. Denne runden inviterer eg til to gratis webinar du kan være med på for å bli litt meir kjent med meg og det eg kan hjelpe deg med på jobb. I dette webinaret inviterer eg Ida Jackson til samtale om leiing. Ho har gründa fleire bedrifter og er i tillegg forfattar og investor. I dette webinaret snakkar me om skyggesidene i oss sjølv og korleis dei påverkar oss på jobb. Me spør deg også: er du leiar og veit det ikkje sjølv?