VASKAR DU HELLER TEAMETS SKITNE TRUSER ENN Å SEIE NEI?
DET ER SLEMMARE ENN DU TRUR Å VÆRE KONFLIKTSKY!
FOLK GÅR LANGT FOR Å UNNGÅ UBEHAG
Eg har ikkje vaska andre sine truser, men eg har gjort mykje anna for å unngå å ta tak i ubehagelege situasjonar. Både eg og folk der eg har jobba har teke skade av dette.
Men greia er at det er ikkje nødvendigvis er så snilt å være konfliktsky. Når eg stikk av frå ansvaret mitt når ting blir ubehageleg er sannsynligheten stor for at både eg og andre vil lide. Slik er det med deg også!
GRATIS WEBINAR
ANGSTEN FOR Å SEIE NEI
Sjølv om eg har blitt ein dreven person på å setje grenser så ender eg framleis i situasjonar der hangen min til god stemning gjer at eg feigar ut. Dette webinareret er for deg som kan gå langt for å sleppe ubehag og klein stemning!
KONFLIKTSKYHETENS SKYGGESIDER
Eg forstår deg og konfliktskyheten din inderlig godt. Likevel er den skadelig både for deg sjølv og andre når du pakkar inn strenge beskjedar i så mange lag bomull at ingen forstår kva du meiner eller vil. På dette webinaret dukkar me ned i kvifor det er vanskelig å setje grenser og kvifor du skal gjere det likevel. Etter webinaret har du med deg kunnskap som gjer at du blir modigare når du treng å seie nei eller gjere noko anna konfliktfylt.
INFORMASJON OM WEBINARET
Tid: måndag 19. mai klokka 12-14
Stad: internett
Delta live, eller sjå i opptak når det passar.
Eg heiter Dorrit Vignes, er organisasjonspedagog og ekspert på ytringsklimaets rolle i leiing. Forskninga mi er publisert i MAGMA - tidsskrift for økonomi og leiing. I dette webinaret hever me blikket saman. Du kan nemlig bli ein skikkeleg kjip leiar, dersom du er konfliktsky. Etter webinaret er du meir merksam på korleis din eigen konfliktskyhet kan være skadeleg for deg sjølv og dei rundt deg.