ER DU LEIAR MEN LIVREDD AV TANKEN? 

DÅ ER DU PÅ RETT PLASS! 

DU LURER IKKJE MEG

Eg veit du gøymer deg bak "eg har ikkje leiarambisjonar" og "eg liker å berre ha fagansvar." 

Men eg veit at inni deg bur det ein leiar. 

Hvis du ikkje allereie er sjef på jobben er einaste grunnen waldorfsalat blanda med: 

  • Eg kan for lite 
  • Eg er ikkje tøff nok 
  • Ingen har spurt meg
  • Dei andre er meir skikka
  • Eg vil ikkje

[Baaah, eg må legge til strukturell diskriminering her også, men eg blir trist og sur av å skrive om det, og i tillegg kan det gjere deg passiv i å søke makt, så la oss leve i illusjonen i at du har all makt over eiga karriere, det blir kjekkare og meir konstruktivt.] 

Greia er: ingen på jobben er råare enn deg, når du først har bestemt deg. 

Du er ulv i fåreklær. 

METOO-MIKKEL OG FLINKE FRIDA 

Nokon gonger har dei rette folka sjefsjobbane.

Men alt for ofte er det metoo-Mikkel som har hanka inn jobben med fri tilgang til Mastercard og heimekontor og langhelg på hytta kvar helg. 

Og tristast av alt, ein gjeng med Flinke Frida'er, som ikkje har teke oppgjer med eigen perfeksjonisme og dermed blir grusom sjef når ho er stressa. 

Eg er drit møkings lei av at arbeidslivet flyt over av dårlige sjefar og har teke saka i eigne hender: 

Velkommen på kurs til notidas og framtidas sjefar!

ALLE NERDAR, KOM UT! 

Eg elskar å jobbe med ambisiøse fagpersonar.

Personvern.

Utdanning.

Helse.

ESG.

Kybernetikk, kommunikasjon, kvalitet. 

Inkje fagfelt for smalt. 

Inkje for vidt.  

Eg vil du skal få jobbe med faget ditt og ha eit safespace der du blir ennå tryggare i rolla di. 

Der safespacet tek noko av støyten for å være rar, nerdete og einsam på jobb.

Der du oppdager at internettvener er ei god krykke når det bles stiv kuling på kontoret. 

 

Eg vil du skal få gode verktøy for å navigere arbeidsplassens politiske spel og intriger.  

Mot til å utfordre systema du er del av.  

 

Eg vil du skal blomstre i fagleg og personleg utvikling. 

Aldri måtte presse deg inn i ei for firkanta ramme der livslengslar, engasjement og livet tyter ut og gjer det vanskeleg å puste.  

 

Eg har laga kurset for deg som går med ei uro du ikkje klarer å setje ord på.

Til deg som synast det er vanskelig å håndtere folk som kjem til deg med problema sine.

Eg har laga kurs til deg som har blitt stempla som kranglete på jobb.

Til deg som er redd for å bli stempla som kranlete. 

Til deg som er redd for å ta leiinga.

Og til deg som er skal inn inn i ny leiarrolle og treng å uppe ytringsklimagamet ditt!

 

INFORMASJON OM KURSET 
7 timar digitalt kursinnhald. Sjå når det passar. 
4 digitale livesendingar tysdagar klokka 12-13: 

Datoar: 
21.10 
28.10 
04.11 
11.11 
Frivillig gruppechat.
KURSET ER PERFEKT FOR DEG SOM: 
  •  Snusar på leiarjobb i framtida 
  • Har leiarrolle og vil utvikle deg 
  • Berre vil få Kåre på verkstaden til å bruke vernenutstyr så du kan få gjort jobben din
  • Får laus avføring av tanken på å måtte seie noko høgt på jobb
  • Har fått høyre at du blandar deg for mykje i ting på jobb
KURSET PASSAR IKKJE HVIS:
  • Du vil unngå å reflektere over eige bidrag til dårlige gruppedynamikkar 
  • Du får stresseksem av å snakke om psykologi 
  • Du er overarbeida og ikkje har lyst å innsjå det

 

DETTE SEIER DELTAKARAR OM KURSET: 

"Dorrit deler de faglige tingene på en måte som gjør at du vet ikke om du undervises av en professor, er på vinkveld med venninne, i kollokvie med mastergjengen eller på stand-up-show.

Men mest av alt er hun genuint interessert i hvor skoen trykker for oss som er på kurs."

 

 

OM MEG: 

Eg heiter Dorrit Vignes og er fagekspert på leiing og ytringsklima i organisasjonar. Med lang erfaring som leiar og eit sterkt engasjement for dialog, har eg utvikla Kulelagermodellen – eit rammeverk for å jobbe systematisk med ytringsklima. Modellen bygger på forskning innan leiing, dialog og etikk, og er publisert i MAGMA - Noregs største fagtidsskrift for økonomi og leiing. Leiarkurset tek utgangspunkt i modellen og gir deg verktøy for å styrke ytringsklimaet i gruppene du er del av på jobb.

PRIS:

25 000 NOK

Dette lærer du: 

  • Forstå folk betre 
  • Ta vanskelige samtalar 
  • Stå trygt i deg sjølv
PÅMELDING

Du veit best om dette kurset er for deg, men kan du love meg at du ikkje stikk frå ansvaret ditt? 

Me kan ikkje overlate sjefsjobbane til Metoo-Mikkel og Flinke Frida!

SPØRSMÅL OM KURSET:

Bli betre kjent før du kjøper? Sei hei på Instagram!