PIMP YOUR ENDRINGSLEIING

 

FAGDAGEN FOR DEG SOM MÅ FÅ MED FOLK PÅ NOKO DEI IKKJE HAR LYST TIL 

SLAPPE SKJELETT

Det er få ting som drep livsgleda meir effektivt enn dårlig leia endringsprosessar. Likevel er det lettare sagt enn gjort å få folk med seg folka på nødvendige endringar. Ein kan gå inn i prosjekter med dei aller beste intensjonar og likevel ende opp som ein haug med slappe skjelett med laågt blodsukker.

Det kjipe med dei slappe skjelettane er at dei verken får nytt IT-system til å bli engasjerande, retningslinjer for oppfølging av sjukemeldte til å fungere godt eller ønska jobbkultur til å bli ein del av dei nye kontorene.

Endring er for dei fleste ubehageleg. I tillegg møter du som endringsleiar eit fagfelt proppa av modeller, men få praktiske tips.

SPRIKANDE FAGFELT 

Der nokon svergar til ADKAR og andre til Lewin står kanskje du som eit spørsmålsteikn og tenker eeh, eg vil berre få med meg folka mine på den nye strategien frå styret. 

Det er lett å gå seg vill i faglitteraturen om endring og leiing. Hvis du ikkje passar på kan du ende opp med å bruke metodar som er garantert dårlig stemning og slappe skjelett. 

KOM OG FÅ GODTEPOSE!

Me [Gøril Gjøystdal og Dorrit Vignes] kan drøyt mykje om læring, endring og leiing. Me har handplukka eit lite utval av kunnskapen vår og laga ein godtepose av ein fagdag til deg! 

 Når du drar frå Oslo 5. februar vil du ha med deg konkrete verktøy som vil gjere livet betre både for deg sjølv og for dei du er sett til å leie.  

INFORMASJON OM FAGDAGEN

Tidspunkt: 5. februar klokka 09-1530  

Stad: Oslo sentrum (Sentralen) 

Kva som er inkludert: Kaffi/te/varm lunsj/diplom/overraskelse/kule folk 

  

 

Pris fram til 4. desember:

4900.-

(eks. mva.)

 

Fullpris: 6900,-  eks mva.

 

KJØP

KVEN ER ME? 

 

Gøril Gjøystdal er læringsguruen som fekk LinkedIn til å gå bananas advent 2024. Med julekalanderen der konsulentane frå Fremtidens Jul AS terroriserte nisseverkstaden med endringsprosjekta sine demonstrerte ho kor morosamt det faktisk er mogleg å gjere pensum frå leiarstudier. Lange førelesningar er det kjedelegaste Gøril veit. På fagdagen tek ho ansvar for at du reiser heim med konkrete verktøy og at du i alle fall ein gong har ledd så mykje at du tissa på deg. 

 

Dorrit Vignes er fagekspert på ytringsklimaets rolle i endringsprosessar og så nerd på leiing og endring at ho skreiv forskningsartikkel av masteroppgåva si på fritida. Rammeverket ho har laga har fått skryt av Amy Edmondson, Harvard-forskaren som står bak omgrepet psykologisk tryggleik. Dorrit drøymer om å ta doktergrad og liker å formidle fagstoff på underhaldande måtar. Det er berre til å gle seg til trekkspel og Lady Gaga på nynorsk!

 

 

FAGDAGEN ER PERFEKT FOR DEG SOM: 

  • Stadig får i oppgåve å få med folk på prosjekter dei ikkje vil være med på 
  • Jaktar konkrete verktøy du kan ta rett tilbake på jobb 
  • Vil nerde endringsleiing med dyktige folk 

 

FAGDAGEN PASSAR IKKJE HVIS: 

  • Du vil ha fagdag fri frå trekkspel, smågodt og snille illustrasjonar  

 

PRIS FRAM TIL 3. DESEMBER

4900,-

(eks. mva.) 

 

Fullpris: 6900,- (eks mva.)

 

KJØP!




Påmelding med faktura: 

Fyll inn informasjon under så sender me faktura! 

 

 

 

 

Prisen stig om:  

00

DAGAR

00

TIMAR

00

MINUTT

00

SEKUND

SPØRSMÅL OM FAGDAGEN:

Meir nerding på endringsleiing denne vegen!