VIL DU FÅ DET SOM DU VIL PÅ JOBB? 

DÅ MÅ DU TA KONTROLL PÅ YTRINGSKLIMAET RUNDT DEG!

DU ELLER DEI SOM ER PROBLEMET? 

Når du skal få det som du vil på jobb må du forstå det som skjer rundt deg. 

Dette leiarkurset er analyseverktøyet ditt for å forstå det som skjer i samtalane rundt deg. 

I traumeskammodulen lærer du at mange ubevisst bærer med seg tidlegare erfaringar inn i notidas samtalar.

Det lagar massiv krøll. 

I modulen om dynamikkar lærer du om arbeiderkollektivet - det er når ein avdeling har gått i lås og skyt ned alle forslaga frå leiinga.

Ganske stress, det også. 

Å gje og ta imot kritikk har fått ein eigen modul. Det er neleg fort gjort at det enten bli for hardt tilbakemedlingsmiljø, eller det kan bli prega av konfliktskyhet der avvik får skure og gå litt for lenge. 

Begge deler like uheldig. 

Me skal gjennom anna fagleg knask også,  som påverkar samtalane dine. 

Du er hjarteleg velkommen!

 

INFORMASJON OM KURSET

7 timar digitalt kursinnhald. Sjå når det passar.

4 x 1 time digitale, individuelle samtalar med meg der du tek med spørsmål/refleksjonar frå oppgåvene i kurset.  

 

YTRINGSKLIMA  

 Ytringsklima handlar om korleis me snakkar saman. Når ytringsklimaet er godt tør me seie meininga vår. I tillegg har ytringane våre effekt. 

Eg har blitt eksepert på temaet fordi eg tidvis har vore elendig på å lage godt ytringsklima rundt meg.  Ein av grunnan til det var at eg lenge nølte meg inn i samtalar. 

Å NØLE SEG INN I EIN SAMTALE

Ein vanleg grunn til å lage dårlig ytringsklima rundt seg er fordi ein ikkje veit kor ein vil. 

Då er risikoen for nøling og rot høg. 

Dette kurset hjelper deg å forstå kor du vil og unngå å havne i desse grøftene:  

  1.  Pakke boskapet så godt inn at ingen får med seg innhaldet
  2. Fremje bodskapet på ein måte der folk kjenner seg angripne
  3. La være å seie noko fordi ein blir stressa av å gå inn på temaet 

 

OM MEG: 

Eg heiter Dorrit Vignes og er fagekspert på leiing og ytringsklima på arbeidsplassen. Som tidvis bidragsytar til dårlig ytringsklima laga eg kulelagermodellen - eit rammeverk for å jobbe systematisk med ytringsklima. Modellen bygger på forskning innan leiing, dialog og etikk, og er publisert i MAGMA - Noregs største fagtidsskrift for økonomi og leiing. Leiarkurset tek utgangspunkt i modellen og gir deg verktøy for å styrke ytringsklimaet i gruppene du er del av på jobb.

ALLE NERDAR, KOM UT! 

Eg elskar å jobbe med ambisiøse fagpersonar - både med og utan sjef i tittelen. 

Personvern.

Utdanning.

Helse.

ESG.

Kybernetikk, kommunikasjon, kvalitet. 

Inkje fagfelt for smalt. 

Inkje for vidt.  

Eg vil du skal få jobbe med det du brenn for og ha eit safespace der du blir ennå tryggare i rolla di. 

Der safespacet tek noko av støyten for å være rar, nerdete eller einsam på jobb.

Der du oppdager at internettvener er ei god krykke når det bles stiv kuling på kontoret. 

Eg vil du skal få gode verktøy for å navigere arbeidsplassens politiske spel og intriger.  

Mot til å utfordre systema du er del av.  

Eg vil du skal blomstre i fagleg og personleg utvikling. 

Aldri måtte presse deg inn i ei for firkanta ramme der livslengslar, engasjement og livet tyter ut og gjer det vanskeleg å puste.  

 

Eg har laga kurset for deg som går med ei uro du ikkje klarer å setje ord på.

Til deg som synast det er vanskelig å håndtere folk som kjem til deg med problema sine.

Eg har laga kurs til deg som har blitt stempla som kranglete på jobb eller er redd for å bli den personen. 

Til deg som er redd for å ta leiinga.

Til deg diggar å ta leiinga. 

Og til alle midt i mellom!

KURSET ER PERFEKT FOR DEG SOM: 

  • Elska å piske tenåringar i seng på leir i ungdommen og er stressa for om du liker makt for godt 
  • Får laus avføring av tanken på å grensesetje nokon
  • Har fått høyre at du blandar deg for mykje i ting på jobb
  • Vil få nye perspektiv på leiing og ytringsklima 
  • Må få Bjarte til å slutte å bruke KI ukritisk

KURSET PASSAR IKKJE HVIS DU:

  • Vil unngå å reflektere over eige bidrag til dårlige gruppedynamikkar
  • Er overarbeida og vil unngå å innsjå det 
  • Helst vil lære saman med folk i din eigen bransje 

PRIS:

40 000 NOK

Dette lærer du: 

  • Forstå folk betre 
  • Ta vanskelige samtalar 
  • Stå trygt i deg sjølv
Påmelding

 

Betaling med faktura: 

Fyll ut informasjon under: 

SPØRSMÅL OM KURSET:

Bli betre kjent før du melder deg på? Sei hei på Instagram!