PIMP YOUR ENDRINGSLEIING
FAGDAGEN FOR DEG SOM MÅ FÅ MED FOLK PÅ NOKO DEI IKKJE HAR LYST TIL
SLAPPE SKJELETT
Det er få ting som drep livsgleda meir effektivt enn dårlig leia endringsprosessar. Likevel er det lettare sagt enn gjort å få folka med på nødvendige endringar. Du kan gå inn i prosjekter med gode intensjonar og likevel ender dei involverte partane opp som ein haug med slappe skjelett med lågt blodsukker.
Det kjipe med dei slappe skjeletta er at dei får til lite saman.
Få Terje til å bruke det nye IT-systemet? Gløym det.
Motivere leiargruppa til å følge nye rutiner for forebyggjing av sjukefråver?
Niks.
Få folk til å skape ønska jobbkultur etter ei brutal samanslåing?
Signe deg som fekk den oppgåva.
LÆR Å BRUKE RETT VERKTØY!
Endring er for dei fleste ubehagelig. I tillegg møter du eit fagfelt proppa av modeller som passar bra til noko, men ikkje til alt.
Det er lett å gå seg vill i faglitteraturen om endring og leiing. Hvis du ikkje passar på kan du ende opp med å bruke metodar som er garantert dårlig stemning og slappe skjelett.
For å bruke snekkerspråk: det er ingenting gale med drill.
Men hvis planen din var å sage noko funkar drill skikkeleg dårlig.
KOM OG FÅ GODTEPOSE!
Me [Gøril Gjøystdal og Dorrit Vignes] kan drøyt mykje om læring, endring og leiing. Me har handplukka eit utval av kunnskapen vår og laga ein godtepose av ein fagdag til deg!
Når du drar frå Oslo 5. februar vil du ha med deg konkrete verktøy som gjer livet betre både for deg sjølv og for dei du er sett til å leie.
INFORMASJON OM FAGDAGEN
Tidspunkt: 5. februar klokka 09-1530
Stad: Oslo sentrum (Sentralen)
Kva som er inkludert: Kaffi/te/varm lunsj/diplom/overraskelse/kule folk
Pris fram til 4. desember: 4900,- ekskl. mva.
Fullpris: 6900,- ekskl. mva.
Påmelding litt lengre nede på sida!
KVEN ER ME?
Gøril Gjøystdal er læringsguruen som fekk LinkedIn til å gå bananas advent 2024. Med julekalanderen der konsulentane frå Fremtidens Jul AS terroriserte nisseverkstaden med endringsprosjekta sine demonstrerte ho kor morosamt det faktisk er mogleg å gjere pensum frå leiarstudier. Lange førelesningar er det kjedelegaste Gøril veit. På fagdagen tek ho ansvar for at du reiser heim med konkrete verktøy og at du i alle fall ein gong har ledd så mykje at du tissa på deg.
Dorrit Vignes er fagekspert på ytringsklimaets rolle i endringsprosessar og så nerd på leiing og endring at ho skreiv forskningsartikkel av masteroppgåva si på fritida. Rammeverket ho har laga har fått skryt av Amy Edmondson, Harvard-forskaren som står bak omgrepet psykologisk tryggleik. Dorrit drøymer om å ta doktergrad og liker å formidle fagstoff på underhaldande måtar. Øver som ein gal for å være klar til å setje stemninga med Lady Gaga på nynorsk og trekkspel.
FAGDAGEN ER PERFEKT FOR DEG SOM:
- Stadig får i oppgåve å få med folk på prosjekter dei ikkje vil være med på
- Jaktar konkrete verktøy du kan ta rett tilbake på jobb
- Vil nerde endringsleiing med dyktige folk
FAGDAGEN PASSAR IKKJE HVIS:
- Du vil ha fagdag fri frå trekkspel, smågodt og snille illustrasjonar
Påmelding:
Fyll inn informasjon under så får du faktura på e-post!
Prisen stig frå 4900,- til 6900,- om:
00
DAGAR
00
TIMAR
00
MINUTT
00
SEKUND
SPØRSMÅL OM FAGDAGEN:
Kven passar kurset for?
Korleis er programmet?
Kor skal fagdagen være?
Eg er den skeptiske sjefen som skal betale. Veit de kva de snakkar om?
Fleire spørsmål før du bestemmer deg?
Tøm sjela di her så svarer me etter beste evne!