Free

 

Lyden frå webinaret vill bli lagt ut på podcasten min i ettertid. Opptaket frå webinaret vil også bli liggjande ei tid her inne i kursportalen. Dersom du ikkje ønsker å være del av opptaket - sørg for at kamera og lyd er av når opptaket går. 

Farleg flørt!

Den danske filosofen K.E. Løgstrup er ei sentral kjelde i rammeverket eg har laga for ytringsklima på arbeidsplassen. Hans mest kjente sitat er at me aldri har noko med eit anna menneske utan å halde noko av den andres liv i hendene våre.

Vidare seier han at makta både kan være tilstades direkte i det umiddelbare samværet med menneske, og indirekte i konsekvensen handlingane våre har.


Denne måten å forstå makt er ubehageleg på tre måtar då den:

Tvinger deg til å ta ansvar
Set ord på at nokon har mindre makt enn andre
Konfronterer deg meg skyggesidene dine

 

Eg heiter Dorrit Vignes, er organisasjonspedagog og ekspert på ytringsklimaets rolle i leiing. Forskninga mi er publisert i MAGMA - tidsskrift for økonomi og leiing. I desse dagar lanserer eg fjerde runde av leiarkurset mitt. Denne runden inviterer eg til gratis webinar du kan være med på for å bli litt meir kjent med meg og det eg kan hjelpe deg med på jobb. I dette webinaret gjer eg deg smakebit på makt er og korleis du kan sjekke at du ikkje er fanga i farleg flørt! 

Problemer med påmelding? Ta kontakt på e-post: [email protected]