Dette lærer du:
- Navigere etisk krevjande situasjonar
- Gje og ta imot kritikk på ein konstruktiv måte
- Styrke dialogen i grupper du er del av
- Forstå di eiga rolle og makt
Dette får du:
- Digitale kursmodular du ser når det passar deg
- Live spørjetimar
- Læringsfellesskap med dei andre på kurset
Korleis balanserer du økonomiske prioriteringar utan å bli kynisk blåruss som berre jagar lønnsemd eller for draumande raudruss som gjekk tom for pengar i prosjektet? Kva gjer du med ekstraoppgåvene som plutseleg landa på bordet ditt, men ikkje står i stillingsbeskrivinga – korleis seier du frå utan å være urimeleg? Og denne møteplagaren – ho som aldri held seg til agendaen og alltid har ti ekstrapunkt under "eventuelt" – kva gjer du med henne? Eller verre: Kva viss nokon ser deg som møteplagaren? Korleis handterer du slike situasjonar utan å miste motet eller fatninga, avhengig av kva grøft du vanlegvis fell i når du får kritikk? Ta med det du synast er vanskeleg på jobb og tenk høgt saman med svært kompetente menneske!
Eg er Dorrit Vignes, organisasjonspedagog og ekspert på leiing og ytringsklima. Dette kurset gir deg praktiske verktøy for å forstå og handtere utfordringar i arbeidskvardagen. Med lang leiarerfaring har eg utvikla Kulelagermodellen – eit rammeverk der erfaring frå arbeidslivet møter forsking på leiing, dialog og etikk. Modellen, publisert i MAGMA – tidsskrift for økonomi og leiing, gir ei praktisk tilnærming til å styrke ytringsklimaet i grupper du er del av.
Problemer med kjøpssida? Ta kontakt på e-post: [email protected]