TRAUMESKAM OG ANDRE KJIPE DYNAMIKKAR  

FÅ SPRÅK FOR DEN UGNE MAGEKJENSLA DI!

KJIPE GRUPPEDYNAMIKKAR

Kjenner du til kjipe gruppedynamikkar du kan være del av?

Og veit du kva dei heiter?

Ta for eksempel små kommentarar som svir hardt.

Mikroaggresjon kallast det. 

Mobberar brukar slike triks heile tida. 

Dei veit det vil få konsekvenser om dei seier ting som "eg hatar trynet på deg og håpar du slutter". 

Difor pakkar dei driten sin inn utsegn som "det er imponerande kor lenge du har halde ut her" eller andre kommentarar som får deg til å krympe utan at du skjønar kvifor. 

 

Og traumeskamma.

Denne brutale dynamikken som gjer at offer for destruktiv leiing  legg skulda for det som skjedde, på seg sjølv.

 

 I dette webinaret går eg gjennom dynamikkar som dreper dialogen, ytringsklimaet og arbeidsmiljøet i organisasjonar. 

 HJELP - ER EG SLEM?

 Det er få leiarkurs som tek føre seg leiarskapets skyggesider.

Grunnen er at det er vondt og vanskelig å snakke om. 

Eg meinar dette er uansvarleg, all den tid me menneske er feilbarlege og drit oss ut titt og ofte.  

Ved å ikkje vite kor kjip du kan være, lagar du store blindsoner for deg sjølv og gruppene du er del av. 

 Og vipps har du blitt ein drittsjekksjef utan at du meinte det. 

 

 GRATIS WEBINAR

TRAUMESKAM OG ANDRE KJIPE DYNAMIKKAR

Mitt fagfelt er ytringsklima -  korleis me gjer kvarande støtte og motstand på jobb.

Organisasjonar får betre resultat når ytringsklimaet er godt. 

Traumeskam og andre kjipe dynamikkar drep ytringsklimaet. 

Eg diggar å snakke om teamet.

I tillegg er det viktig.

Difor inviterer eg til gratis webinar! 

INFORMASJON OM WEBINAR

Tid: fredag 6. juni klokka 12-14

Stad: internett

Delta live, eller sjå i opptak når det passar. 

Eg heiter Dorrit Vignes, er organisasjonspedagog og ekspert på ytringsklimaets rolle i leiing. Forskninga mi er publisert i MAGMA - tidsskrift for økonomi og leiing. I dette webinaret rettar me fokuset mot det ubehagelige faktum at arbeidsplassar kan ha mange destruktive gruppedynamikkar. Etter webinaret er du meir merksam på kva (negative) dynamikkar du er med på på halde oppe.

Webinaret er gratis

 

Håpar du blir med!

Påmelding denne vegen!

Spørsmål: