HJELPER DEG Å TA TAK I UBEHAGELEG STILLE

 

Eg hjelper organisasjonar med å førebygge ubehageleg stilla. 

Du veit, stilla du kjenner i eit rom som trykka stemning. 

Stilla som gjer deg ubehageleg følelse av låst kjeve. 

Den du ser i blikka til folk. 

Alt som ligg mellom linjene i passiv aggressive utsagn. 

Stilla som til slutt tyt ut i sjukemeldingar. 

I varslingssaker. 

Kunder som glapp fordi nokon hadde det for travelt og ikkje klarte snakke om det. 

JOBBE SAMAN? 

Gira styreleiar som er klar til å makse potensialet i å få folk til å snakke godt saman på jobb?

Sliten sjef med dårlig samvittighet for at du ikkje får til nok på jobb? 

Personalkonsulent som er lei av kjedelige svadaforedrag? 

Engasjert fagperson som har lyst å få organisasjonen din til å ta faget ditt seriøst? 

Eg er klar for store og små oppdrag!

 

Meir info her!
KURS:

LEIARKURS

Å stå i kvardag der faglege vurderingar konstant blir vegne opp mot effektivitet, økonomi og maktstrukturar kan både være slitsomt og einsamt. På leiarkurset lærer du blant anna å handtere situasjonar der økonomi, fag og praktiske omsyn kolliderer.

Meir informasjon!
OM MEG:

DORRIT VIGNES

Eg er ekspert på læring og ytringsklima i organisasjonar og min store ambisjon er å gjere norsk arbeidsliv litt betre. For på systemnivå har me ein del å gå på når det kjem til å redusere sjukrefråvær, få fleire i jobb, samt gjere naudsynte endringar i møte med klimakrisa. Mitt bidrag inn i dette er å hjelpe organisasjonar og arbeidslag å ta tak i ytringsklimaet sitt. For når ytringsklimaet er godt får me til mykje meir saman. Eg stiller både med rådgjeving og foredrag og er open for små og store oppdrag, både saman med bedrifter og forskningsinstitusjonar. 

Er du usikker på om eg kan hjelpe deg med det som er vanskelig i din organisasjon? 

Ta kontakt, så finn me det ut!

Du finner meg her: [email protected], 40406024 eller på Linkedin!

Håpar å høyre frå deg!

 

 

YTRINGSKLIMA

Fagområdet mitt er leiing og ytringsklima. Ytringsklima handlar på ein arbeidsplass om korleis gjengen på jobb oppfattar moglegheitene til og konsekvensane av å ytre seg. 

For at ytringsklimaet skal være godt treng ein psykologisk tryggleik og ytringseffekt – altså at det me seier, faktisk blir lytta til og fulgt opp.

Den siste der er ein liten luring som me ofte ikkje orkar å forhalde oss til. Men verken du eller sjefen har tryllestav som kan løyse alt av små og store hjartesukk og då blir ofte dei samtalane om ting som treng endring lagt lokk på eller ein ender opp med å begynne å krangle om noko som ingen av partane rår over å løyse.

For å ikkje å snakke om når nokon kjenner seg så trygge at det verkar til at det ikkje er grenser for kva edder og galle dei kan velte ut av seg i møter - ikkje så lett å jobbe med ytringseffekt då heller. 

Heldigvis for deg er dette noko av det kjekkaste eg jobber med.

Eg stiller meg herved til teneste for å bidra!

EU-KONTROLL PÅ YTRINGSKLIMAET DITT

 

 Ingen presterer på topp når me har nokon som står og skrik at me er udugelege i øyra vårt.

Likevel er det tilfelle hjå mange av oss: me er vår eigen verste fiende og snakkar oss sjølv ned.

I dette webinaret inviterer eg deg til å ta EU-kontroll på ytringsklimaet i ditt eige leiarskap! 

Informasjon + påmelding

MEIR RESSURSAR: 

FAGARTIKKEL OM YTRINGSKLIMA OG LEIING:

LAST NED

PODCAST: 

LYTT

ESSAY OM LIVSLØGNA I PERSPEKTIVMELDINGA

LES

Ikkje stikk før du har fått meld deg på nyeheitsbrevet! Følg for blanding av terapi og politisk bevisstgjering.