FANGA I FARLEG FLØRT?
BLI MERKSAM PÅ MAKTA DI!
LØGSTRUP!
Den danske filosofen K.E. Løgstrup er ei sentral kjelde i rammeverket eg har laga for ytringsklima på arbeidsplassen.
Hans mest kjente sitat er at me aldri har noko med eit anna menneske å gjere utan å halde noko av den andre sitt liv i hendene våre.
Vidare seier han at makta både kan være tilstades direkte i det umiddelbare samværet med menneske, og indirekte i konsekvensen handlingane våre har.
Denne måten å forstå makt er ubehageleg på tre måtar då den:
- Tvinger deg til å ta ansvar
- Set ord på at nokon har meir eller mindre makt enn deg
- Konfronterer deg meg skyggesidene dine
FARLEG FLØRT
Det er ein farleg flørt å la være å tenke over eiga makt. Risikoen er nemleg høg for at du:
- Let deg fange i jobbrolle som ikkje er bra for deg
- Blir ein sur og bitter person
- Lar være å gripe inn i situasjonar som er ditt ansvar å gripe inn i
Ein av favorittpersonane mine å snakke om makt og leiing med er Ida Thorsrud. Flaks for meg, og deg, sa ho ja til å være med på webinar!
JURIST-IDA
Ida Thorsrud er ein av Noregs fremste ekspertar på personvern. Ho har jobba med internkontroll, personvern og informasjonstryggleik i mange år og jobbar no med å gje råd til kommunar om korleis dei kan være ansvarlege skuleeigarar i møte med barns personvern på digitale flater.
Å jobbe med internkontroll er vanskelig. Her er det både lett å bli kontrollerande på ein kjip måte og la for mykje passere - begge deler ein farleg flørt.
Ida har tenkt og jobba mykje med desse problemstillingane. Eg gler meg til å høyre kva ho har på hjarta denne gongen!
TID OG STAD:
Måndag 23.02. klokka 12-13
Webinaret er digitalt og du kan sjå i opptak etterpå!
WEBINAR = GRATIS SMAKEBIT PÅ LEIARKURS
Eg skal straks i gang med femte runde av leiarkurset mitt. Til kvar lansering inviterer eg til gratis webinar slik at du kan bli litt kjent med meg og kva greiene mine går i. Denne gongen har eg teke med ein gjest, Ida Thorsrud.
På slutten av webinaret slår eg av opptaket og du kan stille eventuelle spørsmål du har til Ida og meg om innhaldet i webinaret og du kan spørre om kurset! Ida har faktisk også teke leiarkurset, så her er det gode moglegheiter for å bli betre kjent med kurset!
PS: Du er hjarteleg velkommen til å være med på webinar sjølv om du ikkje skal på leiarkurs!
OM MEG:
Eg heiter Dorrit Vignes og er fagekspert på leiing og ytringsklima på arbeidsplassen. Med lang erfaring som leiar og tidvis elendig på dialog har eg utvikla Kulelagermodellen – eit rammeverk for å jobbe systematisk med ytringsklima. Modellen bygger på forskning innan leiing, dialog og etikk, og er publisert i MAGMA - Noregs største fagtidsskrift for økonomi og leiing. I dette webinaret får du ein liten smakebit på leiarkurset som startea i mars!
WEBINARET ER PERFEKT FOR DEG SOM:
- Diggar å lære noko nytt
- Har leiarrolle og vil utvikle deg
- Snusar på leiarkurset, men er bekymra for at eg er for kristen/blåruss/kommunist/[andre bekymringar]
- Alltid har lurt på kva ytringsklima er
- Vil ha gratis og geniale tips til korleis jobbe med ytringsklima på jobb
WEBINARET PASSAR IKKJE HVIS DU:
- Eigentleg ikkje har tid eller lyst å lære om etikk akkurat no
- Får utslett av at eg set ved kjøkkenbordet mitt og fortel deg om leiing
- Blir støtt av referansar til BDSM
BLI MED OG SJEKK OM DU ER FANGA I FARLEG FLØRT!